Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den totalitære bedriftsgründeren er gud, og den meiningslause jobben krev lobotomering. «Severance» er som skapt for den nye, amerikanske «gullalderen».

Maskinmenneske

Labrottar: Skolejenta Miss. Huang (Sarah Bock) er ny arbeidsleiar for dei «lobotomerte» Mark (Adam Scott), Irving (John Turturro), Dylan (Zach Cherry) og Helly (Britt Lower) i «Severance». Foto: Apple tv pluss

Severance

(USA, 2022- ) Serieskapar: Dan Erickson Regi: Ben Stiller med fleire Science fiction/ sesong 2: 10x50 min./ Apple tv pluss

I den amerikanske sciencefictionserien «Severance» har farmasigiganten Lumon Industries funne den ultimate løysinga på eit dobbelt problem: å kunne skilja mellom yrkes- og privatliv. Ein microchip implantert i hjernen til underordna tilsette, kløyver sinnet deira slik at minna frå jobben og minna frå fritida er to åtskilde medvitsstraumar. What happens at work stays at work, for å seia det slik.