Barnebarn
Dei fleste ungar blei fødde fordi familieplanlegging var tabu.
Ein dag kring tusenårsskiftet gjekk eg inn i ei fotoforretning for å kjøpa ein liten perm med plastlommer til å ha bilete frå ein studietur i. Men då eg hadde plukka ut ein eg likte, gjorde ekspeditøren meg merksam på at sånne permar berre var til fotografi av barnebarna. Trass i at det ikkje var trykt nokon klausul verken inni eller utanpå, heldt han fast på at det var den einaste tillatne bruken, og blei ved å gjenta det heilt til eg stakk kredittkortet tilbake i lommeboka og tusla tomhendt ut or butikken.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent