Eit nytt år trugar
Dystopien er den nye eskapismen. Vil det endra noko at Hollywood brenn?

I skrivande stund er skogbrannen i Hollywood Hills ute av kontroll, og mange som arbeider i underhaldningsindustrien, har flykta frå dei utsletta heimane sine. Brannane som no spreier seg rundt Los Angeles, drivne av vind med orkan i kasta, er ikkje «som på film», frasen sjokkerte katastrofevitne ofte tyr til når dei får ein tv-mikrofon opp i fjeset. Same kva du ser på film, opplever du spaninga og skrekken på trygg avstand – i dag oftast heime i din eigen sofa. Og når rulleteksten kjem, kan du pusta ut og gå til sengs med hovudet fullt av morgondagens trivialitetar. Heilt til tv-skjermen blir slukt av flammane.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent