Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

Kryptospekulasjon

Kryptovaluta gjekk frå å vere eit ideologisk prosjekt til å bli eit reint spekulasjonsobjekt.

Då Bitcoin vart lansert i 2008, følgde det med eit politisk manifest, underteikna pseudonymet Satoshi Nakamoto. At det eksisterande pengesystemet berre var tufta på tillit vart ikkje sett på som ei styrke, men i staden som eit «ibuande problem». Bitcoin skulle bli ein heilt ny pengeform som skulle erstatta handel med tillitsbaserte valutaer som dollar, kroner eller euro. Kryptovalutaer skulle gjere det mogleg å gjennomføre transaksjonar utan å måtte stole på motparten. Det nye pengesystemet skulle ligge heilt utanfor rekkevidda til folkevalde politikarar eller statleg regulerte bankar, og vi skulle i staden sette vår lit til ein «nøytral» teknologi, blokkjeda, og kryptovalutaer som var kontrollerte av ei knippe (delvis anonyme) privatpersonar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?