Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Anne Carsons tidlege prosadikt gir små frampeik til ein kaleidoskopisk forfattarskap.

Spreidd orden

SLØV SOL: Georges ­Seurats «Søndag ettermiddag på øya La Grand Jatte» (1886). FOTO: Wikimedia Commons
Prosadikt

Anne Carson, Gjendikta av Tone ­Hødnebø og Kolon forlag 2024, 56 sider

Korte ­foredrag

Då Anne Carson gav ut «Float» i 2016, fall nokre brikker i forfattarskapen på plass for meg. Faktisk fall dei på plass før eg hadde lese boka, medan eg pakka den ut og alle dei 22 hefta som utgjer boka, ramla ut av plastboksa dei låg samla i og spreidde seg i skjønn uorden på golvet. «Reading can be freefall», stod det på arket som låg att i boksa.