Anne Carson, Gjendikta av Tone Hødnebø og Kolon forlag 2024, 56 sider
Korte foredrag
Då Anne Carson gav ut «Float» i 2016, fall nokre brikker i forfattarskapen på plass for meg. Faktisk fall dei på plass før eg hadde lese boka, medan eg pakka den ut og alle dei 22 hefta som utgjer boka, ramla ut av plastboksa dei låg samla i og spreidde seg i skjønn uorden på golvet. «Reading can be freefall», stod det på arket som låg att i boksa.