Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svik eller svikt

– Gratulerer med utmerkinga som månadens poet! Kva rolle spelar poesien i livet ditt?

– Takk! Det var ei gledeleg overrasking. Eg er veldig glad i poesi, hovudsakleg som lesar, men i periodar lid eg også av skriving. Over tid har eg skaffa meg ei betydeleg mengd diktbøker. Vel å merke er det ikkje alltid så lett å få auge på dei blant dei andre bøkene, du veit, sidan diktsamlingar er relativt smale.

– Når og kor (og korleis) skriv du dikt? Om morgonen, på natta? Med penn og papir eller pinne i sanden? På mobil eller post-it-lappar?

– Eg skriv dikt på tysdagar! I det minste kjennest det sånn. Eg vekslar mellom å skrive med penn og papir og på pc/mobil. I tillegg skriv eg i draume (ikkje i søvne). Dessverre er det forbode å smugle ut dikt frå draumeland. Ved overtramp blir diktet forvist til hukommelsens ubønhøyrlege kvistkuttar.

– Diktet er ei samanstilling av ein uforklart tittel og ei intens scene frå, ikkje kvardagslivet, men frå førebuinga til «den store anledningen». Juryen vil ikkje snevre inn tolkinga av tittelen, men eg dristar meg likevel til å spørje om du kan ymte noko om samanhengen mellom tittel og dikt?

– Filler’n, der rauk mystikken. Tittelen er ei omskriving av ei linje frå eit dikt av Jack Kerouac: «[...] og arresterte meg / forbi hjertet mitt / var for stort». Samanhengen er nok verre å forklare. Men tanken er ei dobbel tyding: Å bli arrestert fordi hjartet sviktar er absurd. Biletet er meint å vekke nysgjerrigheit og interesse. Samtidig kan det bety ein svikt og/eller eit svik? Fordi hjartet er eit vanleg symbol på kjærleik.

– I diktet blir omverda slukt opp i ein malstraum, medan dei to personane som utgjer vi-et, blir ståande andlet til andlet utan å kjenne kvarandre att. Det er slåande kor nære dei verkar å vere, og kor langt ifrå kvarandre dei kjem?

– Det var så slåande godt skildra og sett, at eg ikkje har noko meir å tilføye!

– Juryen kallar det eit «surrealistisk situasjonsbilete», og nemner diktarar som Boris Vian og Svava Jakobsdóttir. Er surrealismen ein tradisjon du kjenner deg heime i? Har du eventuelt andre inspirasjonskjelder?

– Flotte diktarar! Vanskelege spørsmål! Eg anar ikkje kva eg skal seie til det. Å ramse opp inspirasjonskjelder fryktar eg blir namedropping. Eg har nok likevel forkjærleik for det biletskapande, og for mektige, uventa og rare vendingar. Og så kan eg ikkje undervurdere Diktkammerets påverknad. Eg vaks opp der. Det er heilt sant.

Jack ble arrestert fordi hjertet hans sviktet

da vi sto side om side på kjøkkenet uten å si noe mens vi laget mat til

den store anledningen og skumpet borti hverandre for hver skuff og

skap vi åpnet men vi sa ingenting og vi så ikke på hverandre da vi

danderte hver vår rett på anretningsbordet og brettet servietter på

hver vår kant og gjestene var i ferd med å ankomme idet en stor

malstrøm oppsto på kjøkkengulvet men vi gikk bare rundt den mens

den vokste og vokste og tok med seg sølvtøyet og de fineste

asjettene og krystallglassene og gjestene lot som ingenting og

utbrakte en skål mens de i stillhet undret seg over ståket de hørte

men før de visste ordet av det ble de sugd med i malstrømmen til alle

rom var rensket og alt vi eide og alle vi kjente hadde opphørt å

eksistere i et uendelig stort gap som vi sto på hver vår side av men

selv om vi endelig sto ansikt til ansikt var avstanden så stor at vi ikke

gjenkjente hverandre