Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I «Annie John» avheng heile verda av den unge jenta sitt blikk på den.

Auget som ser

Favoritt: Jamaica Kincaid er ein av dei oftast nemnde kandidatane til Nobelprisen i litteratur. Foto: Guri Pfeifer
Roman

Jamaica Kincaid

Annie John

Revidert omsetjing ved Sissel Lie

Cappelen Damm 2024, 134 sider

Jamaica Kincaid har ei livshistorie utanom det vanlege. Elaine Potter Richardson, som ho var døypt, vaks opp i fattige kår på Antigua, og vart sendt til USA som au pair då ho var 17 år. I staden for å sende pengar heim, som ho skulle, braut den talentfulle jenta med familien, og satsa på å utdanne seg vidare. På 1970-talet tok ho namnet Jamaica Kincaid, og byrja å skrive for tidsskriftet The New Yorker. Tekstane der vart seinare til hennar to fyrste bøker. Debuten, ei novellesamling, kom i 1983, og i 1984 følgde romanen «Annie John», som no føreligg i modernisert, norsk omsetjing ved Sissel Lie. Sidan då har Kincaid blitt 75 år, og er ein prislønt forfattar og Harvard-professor og ein av dei oftast nemnde kandidatane til Nobelprisen i litteratur.