Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eg lev godt med at folk på gata synest at forskinga mi er unyttig, men av ein høgt plassert forskningsbyråkrat hadde eg venta litt meir.

Nyttelaus kunnskap

MATNYTTIGE MYSTERIER? Projeksjon av elementærpartiklar under ei pressevisning for Future Circular Collider i Cern, ein ny og større partikkelakselerator med planlagt oppstart i 2040. FOTO: FABRICE COFFRINI, NTB/AFP

Eg jobbar med noko mange synest er unyttig, nemleg partikkelfysikk. På Cern, verdas største laboratorium for partikkelfysikk, prøver eg og andre forskarar å forstå kosmoset sine aller minste byggesteinar, nemleg elementærpartiklane. Me studerer naturen på desse små storleikane i partikkelakseleratorar som Large Hadron Collider. I desse maskinane akselererer me partiklar opp til ekstremt høg energi, og kolliderer dei med einannan. Ved å studere desse kollisjonane kan ein til dømes lære meir om korleis universet såg ut i den fyrste augeblinken etter det store smellet, eller ein kan prøve å forstå kva mørk materie består av.