Nyttelaus kunnskap
Eg lev godt med at folk på gata synest at forskinga mi er unyttig, men av ein høgt plassert forskningsbyråkrat hadde eg venta litt meir.

Eg jobbar med noko mange synest er unyttig, nemleg partikkelfysikk. På Cern, verdas største laboratorium for partikkelfysikk, prøver eg og andre forskarar å forstå kosmoset sine aller minste byggesteinar, nemleg elementærpartiklane. Me studerer naturen på desse små storleikane i partikkelakseleratorar som Large Hadron Collider. I desse maskinane akselererer me partiklar opp til ekstremt høg energi, og kolliderer dei med einannan. Ved å studere desse kollisjonane kan ein til dømes lære meir om korleis universet såg ut i den fyrste augeblinken etter det store smellet, eller ein kan prøve å forstå kva mørk materie består av.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent