Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Meteor Forlag løftar blikket frå vår eigen bokfauna og leitar fram spekulative skattar til utgiving på norsk.

Neste planet

FABELAKTIG: Angela Carter skriv seg opp imot ‘Raudhette og ulven’. Her Harry Clarkes illustrasjon i ei engelsk utgåve av Charles Perraults eventyr frå 1922. FOTO: WIKIMEDIA COMMONS
Fortelj­ingar

Angela Carter

Det blodige rommet og andre fortellinger

Omsett av Merete Alfsen

Meteor Forlag 2024, 200 sider

Fortelj­ingar

Weronika Murek

Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode

Omsett av ­Agnes ­Banach

Meteor Forlag 2024, 152 sider

Ord, ord på sida her, kva er det som susar over himmelen der? Eit flunkande nytt forlag, på opptur blant falmande norske forlagsstjerner! Meteor Forlag har sant nok berre to små bøker på samvitet, men anslaget er solid og løfterikt: Med britiske Angela Carters «Det blodige rommet og andre fortellinger» og polske Weronika Mureks «Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode» får vi noko gammalt og noko nytt, noko klassisk og noko ferskare, omsett til sjølvsikker norsk av høvesvis Merete Alfsen og Agnes Banach. Det heile er bunde inn i delikate bøker som har både permar, papir og typografi i orden – ein ganske uimotståeleg velkomstpakke frå eit forlag som lovar «oversatt fantastisk skjønnlitteratur av høy litterær kvalitet, hovedsakelig skrevet av kvinner».