Angela Carter
Det blodige rommet og andre fortellinger
Omsett av Merete Alfsen
Meteor Forlag 2024, 200 sider
Weronika Murek
Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode
Omsett av Agnes Banach
Meteor Forlag 2024, 152 sider
Ord, ord på sida her, kva er det som susar over himmelen der? Eit flunkande nytt forlag, på opptur blant falmande norske forlagsstjerner! Meteor Forlag har sant nok berre to små bøker på samvitet, men anslaget er solid og løfterikt: Med britiske Angela Carters «Det blodige rommet og andre fortellinger» og polske Weronika Mureks «Dyrking av sydlige vekster etter Mitsjurins metode» får vi noko gammalt og noko nytt, noko klassisk og noko ferskare, omsett til sjølvsikker norsk av høvesvis Merete Alfsen og Agnes Banach. Det heile er bunde inn i delikate bøker som har både permar, papir og typografi i orden – ein ganske uimotståeleg velkomstpakke frå eit forlag som lovar «oversatt fantastisk skjønnlitteratur av høy litterær kvalitet, hovedsakelig skrevet av kvinner».