Den liberale ytringsfridomen har vorte ei fanesak og det viktigaste politiske instrumentet for ytre høgre. Det er eit internasjonalt fenomen og skaut fart her til lands i 2015 med den nye §185 i straffelova. Paragrafen mot hatefulle ytringar er meint å styrka dei demokratiske rettane til utsette grupper ved å verna dei mot hatprat i offentlege ordskifte, men fungerer lova etter intensjonen? Det er spørsmålet bak «Norwegian Democrazy», som skildrar den antiislamske organisasjonen Sian innanfrå og utanfrå.
Kjem norsk lov til kort overfor Sian?