Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Politisk redaktør i Aftenposten Kjetil B. Alstadheim vil ikkje freda sjukelønnsordninga. Sjølv er han sikra betre sjukelønnsrettar enn i folketrygda, takk vera tariffavtalen.

Ein million er skjerma mot sjukelønnskutt

Sikra: Kjetil B. Alstadheim, politisk redaktør i Aftenposten, er sikra ei betre sjukelønn enn det som følger av folketrygda. Foto: Anniken C. Mohr

Bak lukka dører går det føre seg ein dragkamp om sjukelønnsordninga. NHO vil ikkje signera ein ny IA-avtale utan opning for at ordninga kan endrast. LO vil ikkje setta ho i spel.