(Noreg, 2024) Regi: John Andreas Andersen Manus: Erlend Loe, etter et originalmanus av Espen Lauritzen von Ibenfeldt Krigsfilm/ 1t. 51min./ Kino
Jon Andreas Andersen har fått regissera den første spelefilmen om krigssabotøren Gunnar Sønsteby. Andersen har tidlegare laga dei svært formulartru katastrofefilmane «Skjelvet» (2018) og «Nordsjøen» (2012). Når nettopp han har fått oppdraget med å realisera «Nr. 24» vil ein tru at det er fordi produsentane har ønska seg ein handlingsfylt film om ein fridomselskande ung mann (Sønsteby var 22 år i 1940), som norsk notidsungdom kan identifisera seg med. Det burde i prinsippet vera enkelt.