I alle år sidan 1843 har økonomimagasinet The Economist vore ein trufast faneberar for økonomisk liberalisme: Berre gjennom konsekvent sikring av privat eigedomsrett, økonomisk deregulering, låge skattar og privatisering av offentlege ytingar kunne det skje økonomisk framsteg. Og økonomisk framsteg var identisk med økonomisk vekst. Men gong på gong har bladet måtta akseptere realitetar som ikkje skulle vere moglege ifølgje denne ideologien. Eit eksempel på dette er ein artikkel publisert i oktober 2018 med tittelen «Det kinesiske hundreåret er godt på veg». Artikkelen viser til at med BNP målt i kjøpekraft (PPP) vart Kina verdas største økonomi i 2013, og at BNP per capita i PPP hadde auka med gjennomsnittleg over ti prosent per år sidan 1990, ein vekst som ingen økonomi i Vesten nokon gong hadde oppnådd. Vidare heiter det: «I 1990 levde rundt 750 millionar kinesarar i ekstrem fattigdom, i dag er det færre enn 10 millionar. Det representerer to tredjedelar av den globale nedgangen i fattigdom i denne perioden.»
Kva har stål, smarttelefonar og solcellepanel til felles? Det er Kina som produserer flest av dei.
Kinas århundre
Kron og mynt