Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ropet frå Loppa

Byråkratar og lokalsamfunn er ein lite helsesam miks. Det har eg sett med eigne auge heilt sidan landsdelsplanane for vidstrekte Norge vart laga på 1960-talet. I Nord-Norgeplanen vart det hevda at lokalsamfunn måtte ha minst 5000 innbyggjarar for å kunna reknast som levedyktige. Sentra med minst 20.000 og lokalsamfunn med minst 5000 innbyggjarar var den tids sentraliseringsmodell for Distrikts-Norge.