Jakob Martin Strid
Den fantastiske bus
Biletbok
Gyldendal 2023, 204 sider
Jakob Martin Strid er Danmarks mest folkekjære illustratør og barnebokforfattar, og skapningane hans, som Mustafa, Mimbo Jimbo og lille Madsen – Larsen på norsk – har lenge vore husvarme også i norsk barnebokheim. I fjor gav Strid ut eit fenomen av ei bok: «Den fantastiske bus» veg 2,5 kilo og er ein knapp halvmeter før du slår opp boka og breidda fordoblar seg. Trass i det uhandterlege formatet, og den avskrekkande prisen, blir boka rive ut av hyllene – til no i 75.000 eksemplar.