Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er mange som meiner at vi er for oppteken av USA her i Noreg, og at vi heller burde bry oss om EU eller Kina. Eg bryr meg mykje om Kina, litt om EU og mest om USA. Det er uansett berre heilt naturleg at vi bryr oss meir om USA enn det tyskarar og franskmenn gjer. For det første fordi vi er eit lite og kjedeleg land, så vi treng noko meir enn det tyskarar og franskmenn treng. Og for det andre fordi heile kulturen vår på mange måtar er amerikansk. Eg leste ein gong at det er heilt vanleg at unge tyskarar ikkje veit kven Jerry Seinfeld er. Noko liknande er utenkeleg i Noreg.