Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit intenst og gripande teater om kostnadane ved å våge å varsle.

Enklast å teie

MISTRU: Avdelingssjukepleiaren Bjørg (Elisabeth Matheson) reagerer først med sinne på varsla frå Rigmor (Ingunn Beate Strige Øyen) og Liv (Line Heie Hallem). FOTO: ØYVIND MALUM, WOW MEDIALAB

Mistanken

Turnéteatret i ­Trøndelag Av: Nina Wester

Regi: Nina Wester  

Scenografi og kostyme: Daniel Åkerström Steen

Lyddesign: Kenneth Aksnes

Lysdesign: Geir Ola Brattaker

Med: Line Heie Hallem, Ingunn Beate Strige Øyen, Elisabeth Matheson og Tore B. Granås

Framsyninga blir vist på Vega scene i Oslo denne veka

Regissøren og dramatikaren Nina Wester har dei seinaste åra revitalisert det politiske dokumentar-teateret. For dei siste tre produksjonane ho har skrive og regissert, har ho på berre tre år fått fire Hedda-nominasjonar og av dei to prisar.