Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bråk, bråk, bråk

Så keisam er den journalistiske melodien til alt som skjer i Arbeidarpartiet omkring Trond Giske berre han viser seg ved eit eller anna val til tillitsverv. «Bråk» i lokalnytt på TV, «Bråk» i lokalavisa til Schibsted (Adresseavisen), «Bråk» i alle Oslo-aviser som ser så langt som til Trøndelag, «Bråk» i riksnyheitene for alle kanalar og sendeflater med ambisjon om å vera viktige.