Denne veka er eg i Estland. Da eg kom til Estland for første gong i 2003, trur eg det var, såg det framleis ut som Sovjetunionen, og me rak rundt til plassar som fram til nokre år tidlegare hadde vore stengde for utlendingar, universitetsbyen Tartu, og kysten og øyane der den estlandssvenske minoriteten levde fram til dei vart evakuerte til Sverige under krigen. Estlands gamle svenskbygd var grenseområde og dessutan proppfullt av forsvarsanlegg, og dei svært få svenskane som var att, heldt låg profil. No ser Estland ut som Finland eller Sverige, dei sovjetiske blokkene er rehabiliterte, forbrukarkulturen har rykt inn, gatene er fulle av dyre, tyske bilar. Grensa til Russland er stengd.
Både katolisisme og geopolitikk gir den skeive kampen motbakke i den ekssovjetiske sfæren.
Skeiv vind i aust?
Feminist javisst