Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå «MaXXXine» til Giséle Pelicot-saka. Sex-film er skrekkfilm – på kino og i røynda.

Maktkåt

XXX: Halsey og Mia Goth i «MaXXXine» (2024), siste del av Ti Wests skrekk-trilogi om pornostjerna Maxine Minx. Foto: UIP

Kinoaktuelle «MaXXXine» er siste del i ein sjølvmedviten skrekktrilogi signert Ti West – ein slags Tarantino for millenniumsgenerasjonen. Filmane skildrar den blodige klassereisa til pornostjerna Maxine Minx (Mia Goth) frå ein patriarkalsk 1950-talsoppvekst i eit kristenfanatisk Texas til raud løpar i eit hedonistisk Hollywood, som trassar Reagan-moralismen på 1980-talet. Trilogien er fortalt i filmestetikken frå dei ulike tidsepokane og driv selektiv nyskriving av pornohistoria. Når West no avsluttar historia om Maxine, er det med ein kynisme som varslar tilbakeslag for metoo-rørsla. Men kynismen speglar også røynda i dag.