Farmor skreiv velformulerte avisinnlegg om kvinneleg eigenart og livet på landet, endå ho ikkje hadde anna formell utdanning enn folkeskulen. I 1952 gjekk ho til felts mot leiaren i Norsk kvinnesaksforening, som ville hjelpa kvinnene ut i lønsarbeid ved byggja fleire barnehagar, med å hevda at det ville føra til utidig transport og avfolking av bygdene. Og det fekk ho jo for så vidt rett i. Men for meg er desse stokk konservative tekstane først og fremst eit vitnemål om at farmor var hamna i ei bakevje.
No reiser me! sa farmor og leidde farfar med seg ut på rullebanen.
Dame i bakevje
Solveigs salt