88 prosent av folk her i landet bur utanfor Oslo, men likevel er det nokre trekk som er ganske særeigne ved Oslo som legg premissane for den politiske diskusjonen. Til dømes er det mykje snakk om at det er vanskeleg for unge folk å kjøpe seg bustad, men realiteten er at det er ganske lett for dei fleste. Det er vanskeleg for det vesle mindretalet som bur i Oslo, og eg mistenkjer at det er det som ligg bak når fleire ungdomsparti på venstresida ser på BSU-ordninga som eit slags overklassefenomen for dei elitane som har råd til å kjøpe seg bustad.
Oslo
Dagboka