Bergen kommune må kutte store summar. Det har finansbyråd Jacob Mæhle varsla sidan han kom inn dørene i sommar. Han har avlyst løftet om å redusere eigedomsskatten, og skular og barnehagar har alt fått vite at dei må spare inn titals millionar berre på resten av året. Barnehagar fryktar dei må stengje fordi dei ikkje har pengar å bruke på vikarar ved sjukdom. I går varsla kommunen at budsjettframlegget frå byrådet ikkje vert lagt fram 2. oktober som planlagt, men 30. oktober.
Kuttet
Dagboka