Det kan vere langt til Sverige, som det er her på Vestlandet, og som gjer at eg sjeldan er i grannelandet, og spesielt ikkje berre ein svipptur over for å kjøpe billeg kjøt og øl. Burde ikkje vi få eit tilbod for å kompensere for manglande harryhandel over grensa? Det kunne til dømes vore eit fast frådrag på skatten eller ei utbetaling rekna ut frå ein komplisert formel som tek utgangspunkt i mengda grensehandel. Helst ville eg nok bygd opp eit tilsvarande tilbod, slik at vi òg får opplevinga.
Plattform
Dagboka