Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heimen

Det er kjekt å reise til ein framand by og bu i heimen til nokon som er vekkreist for ein grei penge. Heldigvis finst det ein nettstad som formidlar den typen overnattingar. Airbnb er slik ei glede for oss reisande. Men fordi vi reiser så mykje, er det mogleg å leige ut profesjonelt, og det fører til prisaukar som gjer at vanlege folk i byar som Paris og Barcelona ikkje har råd til å bu der og vert pressa ut av byen. Det har det vore protestar mot i slike byar i fleire år, og i sommar fekk innbyggjarane i Barcelona nok. Dei aksjonerte ved å oppsøkje turistar på restaurantar og sprute vatn i andletet på dei.