Det hang eit forstørra foto på kjøleskapsdøra av eit vakkert ungt par, ho i fotsid, kvit kjole, han i svart skjorte og bukse. Begge var berrføtte i graset, begge hadde skulderlangt, krøllete hår, og han hadde ein krans av ville blomar kring hovudet.
Naturen treng verken tvang eller hjelpetiltak for å vera naturleg.