Du kan bla til neste sideBla med piltastene

God save our gracious gin.

Ginsessa

Prinsesse Märtha Louise og kjærasten Durek Verrett har hamna i bråk igjen. Denne gongen var det reglane for alkoholreklame dei ikkje hadde lese seg opp på. Dei har laga eigen bryllaupsgin som vart selt på Vinmonopolet, men som vart stoppa, og no har Helsetilsynet oppretta tilsyn. Eg har jo i mitt stille sinn lenge tenkt at det enklaste hadde vore å bryte alle band med kongehuset, aldri bruke prinsessetittelen og ho er fri til å leve nett slik ho vil. I staden for så mjølkar ho tittelen for alt han er verd for å selje alternativ behandling … eller gin. Men i dette tilfellet trur eg det er sjamanen og prinsessa som er inne på noko og ikkje vi, det konforme samfunnet.