Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«En kvinne i Istanbul» søker ei forsvunne transkvinne og finn sterk humanisme.

Kjærleikens ferjereiser

Ei av mange kvinner i Istanbul: Transkvinna Evrim (nydeleg spela av Deniz Dumanli) blir vår guide til Istanbul utanfor turiststroka. Foto: Mer Film

En kvinne i Istanbul

(Passage, Sverige/ Georgia/ Tyrkia, 2024) Regi og manus: Levan Akin Drama/ 1t. 45min./ Kino

Konkrete overfartar og grensekryssingar blir til eit mangfald av meiningsfulle metaforar i Levan Akins nye film «En kvinne i Istanbul». Den svensk-georgiske filmskaparen fekk sitt gjennombrot med «I morgen danser vi» (2019). Det skeive kjærleiksdramaet spela seg ut i den georgiske nasjonalballetten, og var ei sanseleg skildring av georgisk ungdomsliv og yngre generasjonars fornying av tradisjonskultur.