Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Som journalist er det mange som kjem med tips, og eg tek imot både gode og dårlege med glede. Innimellom kjem det inn urovekkjande tips, av typen som får ein til å tenkje «hæ, kan det vere sant???». Sonen min på åtte synest Klassekampen er ei heilt okei avis. Det er for mange keisame saker og teikneseriane burde heller vore Mikke Mus og Donald Duck, men han liker sakene om klima og miljø. Ikkje fordi han er oppteken av kva veg det går med kloden, men synest at planter og natur er spanande.

Her ein dag ringde han med eit tips. Han hadde lært noko så viktig på skulen at det måtte eg skrive om i avisa. Tipset var dette: Før 2030 kjem ei av stjernene til Jupiter til å bli slukt av eit svart hòl, og det vil endre livet på jorda. Han trur det vert kaldare på somrane og håpar det vert varmare på vintrane. Eg synest berre det er angstframkallande å tenkje for mykje på universet, så eg har ikkje faktasjekka tipset. Han gav naturfaglæraren som kjelde, så du kan eventuelt sjekke med din lokale naturfaglærar for meir info.

Sjølv om eg ikkje gjekk vidare med nett dette tipset, tek eg med meg litt livslærdom frå det. Vi må interessere oss for klima og natur, tenkje på korleis både vi sjølve og meir eksterne faktorar som svarte hòl ute i universet påverkar floraen og faunaen her på kloden. Og om det går til helsike fordi vi ikkje handterer den globale oppvarminga eller at eit svart hòl slukar oss, så kan vi lese Mikke Mus og Donald Duck for å prøve å tenkje på noko anna.