Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Katastrofen er alltid rundt hjørnet, og vi må le i møte med han. Eit forsøk på å forklare tysk humor.

«Spaß muss sein!»

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

For eit par år sidan hadde eg den tvilsame gleda å halde eit føredrag om politisk satire i Tyskland for NRKs humorredaksjon. Rommet var proppfullt av dei fremste komikarane i landet. Eg snakka i nesten 45 minutt om politisk kabaret, ein tradisjon som har prega tyskarars oppfatning av humor heilt sidan Weimar-republikkens dagar, om den mørke humoren til satiremagasinet Titanic og dei nådelause framsidene deira, og om satirikaren Jan Böhmermann, som i 2016 utløyste ei tyrkisk – tysk statskrise på grunn av eit nid-dikt han skreiv om den tyrkiske presidenten Erdogan.