Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lova om «utanlandske agentar» splittar Georgia og stoppar eventuelt EU-medlemskap, men fotballen tek dei uansett til Europa.

Vegen til Europa

Med for første gong: I mars slo Georgia Hellas på straffespark heime i Tbilisi og kvalifiserte seg for alle første gong til ein internasjonal meisterskap. Foto: Giorgi Arjevandidze, AFP/NTB

Aust er aust, og vest er vest, og aldri skal dei to møtest. Dei kjende orda frå Rudyard Kipling opnar eit dikt om ein afghansk stammehøvding som stel hesten til ein britisk offisersson, som prøver å invadere landet, og skildrar jakta mellom dei to frå vidt ulike kulturar gjennom det afghanske landskapet i 1880-åra. Georgia har stått midt i skvisen mellom aust og vest sidan Sovjetsamveldet fall saman for over 30 år sidan. I den perioden har Russland stått inne i Georgia med militære styrkar fleire gongar, og utbrytarrepublikkane Abkasia og Sør-Ossetia er i praksis russiskkontrollerte område.