Omkring år 1000 sende norskekongen Olav Tryggvason ein prest og nokre lærarar til Grønland saman med Leiv Eiriksson, som budde der og var på farten heimover. Langt til havs plukka han opp eit skipsmannskap som låg og klamra seg til eit vrak, og dessutan hadde han drive så mykje ut av kurs at han oppdaga Vinland. Då han endeleg kom heim, fekk han stor fagnad for begge delar, men far hans, den heidenske humanisten Eirik Raude, sa at berginga av dei havarerte blei utlikna av skadeverket til presten.
Den norrøne sivilisasjonen greidde seg betre utan kyrkja.
Då Hitler vann
Solveigs salt