Fell på ny måling
Ikkje berre har det storma rundt Bergen Høgre det siste året – no byrjar veljarane å få nok òg.

Det har vore eit turbulent år i bergenspolitikken. Faktisk så mykje at det er verd å skildre som meir turbulent enn vanleg. Sidan valet i september har Høgre brote løfte, hamna i mykje klammeri om habilitet, ein byråd har gått av etter styrebråk, byrådsleiaren har reist til København på kommunen si rekning, og skulane er 125 millionar kroner over budsjettet og står overfor stor kutt. Lista over kontroversar er så lang at då Bergensavisen presenterte den første meiningsmålinga på eit halvt år i går, la dei desse og fleire kontroversar i ein lang faktaboks. Dei er mange nok til å liste opp under ulike kategoriar. Og då kan ein jo spørje seg om målinga: Korleis går det eigentleg med byrådspartia? Ikkje veldig bra.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent