Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sonen til den amerikanske presidenten heiter Hunter Biden, og i 2018 kjøpte han ein pistol. Dei siste dagane har pistolkjøpet prega den politiske nyheitsdekninga i USA, for Hunter Biden er no dømt for å ha brote lova då han gjorde kjøpet. På pistolbutikken svarte han nemleg på eit spørjeskjema at han ikkje var avhengig av narkotiske stoff, men det var han så til dei grader. I ein fireårsperiode tok han ut tilsvarande 18 millionar kroner i minibankar, og mykje av det gjekk nok med til å kjøpe ulike formar for kokain. I dagane etter kjøpet syner forklaringane til fleire ulike vitne at han røykte crack kvart tjuande minutt dagen lang. Då er det nok vanskeleg å argumentere for at du ikkje er avhengig, og no er han altså dømt.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?