Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Teater

Statistane på settet

Ein komedie med alvorlege og tragiske undertonar, men som ikkje heilt greier å bestemme seg for kva han skal vere.

STATISTAR MED DRAUMAR: Charles (Jonas Delerud) har skrive eit klisjéfylt filmmanus, klårt for refusering. Jacob (Alexander Rindestu) er litt meir realitetsorientert, men blir lenge blenda av filmstjerna på settet. Foto: Knut Åserud

Stein i lomma

Hålogaland Teater, Scene øst Av: Marie Jones

Omsett av Ragnar Olsen

Regi og scenografi: Ketil Høegh Lysdesign: Øystein Heitmann

Med: Alexander Rindestu og Jonas Delerud 

Den nordirske dramatikaren Marie Jones skreiv i 1998 framsyninga «Stones in His Pockets», som opphaveleg blei framført som pubteater, men som ganske raskt erobra scener over heile verda. Her heime har det vore i alt åtte produksjonar sidan noregspremieren på Torshovteatret i 2001. Året etter sette Hålogaland Teater det opp som «Stein i lomma» i omsetjing av Ragnar Olsen, og med Ketil Høegh og Kristian Figenschow jr. i dei mange rollene. Det blei visstnok ein kjempesuksess. No set teateret stykket opp på nytt med Ketil Høegh som regissør.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?