Statistane på settet
Ein komedie med alvorlege og tragiske undertonar, men som ikkje heilt greier å bestemme seg for kva han skal vere.

Stein i lomma
Hålogaland Teater, Scene øst Av: Marie Jones
Omsett av Ragnar Olsen
Regi og scenografi: Ketil Høegh Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Alexander Rindestu og Jonas Delerud
Den nordirske dramatikaren Marie Jones skreiv i 1998 framsyninga «Stones in His Pockets», som opphaveleg blei framført som pubteater, men som ganske raskt erobra scener over heile verda. Her heime har det vore i alt åtte produksjonar sidan noregspremieren på Torshovteatret i 2001. Året etter sette Hålogaland Teater det opp som «Stein i lomma» i omsetjing av Ragnar Olsen, og med Ketil Høegh og Kristian Figenschow jr. i dei mange rollene. Det blei visstnok ein kjempesuksess. No set teateret stykket opp på nytt med Ketil Høegh som regissør.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent