Anderssons peikefinger
Lena Andersson er skarp og morosam, men den politiske slagsida er verd ein analyse.


Lena Andersson
Studie i menneskelig atferd
Prosa
Omsett av Gøril Eldøen
Gyldendal 2024, 238 sider
Kva kjenneteiknar ein god humorist? La meg foreslå: Eit skarpt blikk for detaljar, analytisk evne, ein helsefarleg porsjon indignasjon og sjølvsagt talent for å formulere seg så overdrive at ein kvar idiot kan ta poenget og utbryte: «Haha! Akkurat slik er det!» Men sjølvsagt er det ikkje «akkurat slik», for noko må gå tapt i karikaturen. Difor treng humor – som god litteratur – også menneskeleg varme. Det er den eg ofte saknar i Lena Anderssons siste utgjeving, sjølv om «Studie i menneskelig atferd» er ei bok full av godt observerte og fint formulerte skildringar av høgst ulike kvinner og dynamikken dei imellom.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent