Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Vekas bok

Anderssons peikefinger

Lena Andersson er skarp og morosam, men den politiske slagsida er verd ein analyse.

Mønster: Lena Andersson vil formidle ikkje berre korleis folk ter seg, men kvifor. Foto: Jan Danielsson
Prosa

Lena Andersson

Studie i menneskelig atferd

Prosa

Omsett av Gøril Eldøen

Gyldendal 2024, 238 sider

Kva kjenneteiknar ein god humorist? La meg foreslå: Eit skarpt blikk for detaljar, analytisk evne, ein helsefarleg porsjon indignasjon og sjølvsagt talent for å formulere seg så overdrive at ein kvar idiot kan ta poenget og utbryte: «Haha! Akkurat slik er det!» Men sjølvsagt er det ikkje «akkurat slik», for noko må gå tapt i karikaturen. Difor treng humor – som god litteratur – også menneskeleg varme. Det er den eg ofte saknar i Lena Anderssons siste utgjeving, sjølv om «Studie i menneskelig atferd» er ei bok full av godt observerte og fint formulerte skildringar av høgst ulike kvinner og dynamikken dei imellom.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen