Medynk eller medkjensle
Er det ein skilnad på medynk og djuptfølt medkjensle, og er eit skadd menneske berre ein diagnose eller ein heil person?

De utålmodige av hjertet
Trøndelag Teater, Teaterkjelleren Av: Stefan Zweig
Omsett av: Ursula Krogvig
Dramatisering, scenografi og regi: Jon Lockert Rohde
Lysdesign: Daniel Takle Piel
Med: Emma Caroline Deichmann, Isak Holmen Sørensen og Ingunn Beate Strige Øyen
Stefan Zweig (1881–1942) var ein av mellomkrigstidas største forfattarar. Han var født og oppvaksen i ein velståande jødisk familie i Wien, den gongen verdas kulturelle og intellektuelle sentrum og hovudstad i det austerriksk-ungarske keisardømet. Etter Hitlers inntog med Anschluss i 1938, blei Wien og Austerrike ikkje nokon verande stad. Alt i 1933 emigrerte Zweig til England, og seinare til USA og Brasil, der han i 1942 tok sitt eige liv i fortviling over situasjonen i verda.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent