Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Melding

Medynk eller medkjensle

Er det ein skilnad på medynk og djuptfølt medkjensle, og er eit skadd menneske berre ein diagnose eller ein heil person?

Ein dans, frøken?: Løytnanten (Isak Holmen Sørensen) byr den lamme Edith (Emma Deichmann) opp til dans, og godseigaren (Ingunn Beate Strige Øyen) kan berre konstatere at skandalen er eit faktum. Foto: Vegard Eggen

De utålmodige av hjertet

Trøndelag Teater, Teaterkjelleren Av: Stefan Zweig

Omsett av: Ursula Krogvig

Dramatisering, scenografi og regi: Jon Lockert Rohde

Lysdesign: Daniel Takle Piel

Med: Emma Caroline Deichmann, Isak Holmen Sørensen og Ingunn Beate Strige Øyen  

Stefan Zweig (1881–1942) var ein av mellomkrigstidas største forfattarar. Han var født og oppvaksen i ein velståande jødisk familie i Wien, den gongen verdas kulturelle og intellektuelle sentrum og hovudstad i det austerriksk-ungarske keisardømet. Etter Hitlers inntog med Anschluss i 1938, blei Wien og Austerrike ikkje nokon verande stad. Alt i 1933 emigrerte Zweig til England, og seinare til USA og Brasil, der han i 1942 tok sitt eige liv i fortviling over situasjonen i verda.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?