Civil War
(USA, 2024) Regi og manus: Alex Garland Krigsfilm/ 1t. 49min./ Kino
På eit tidspunkt i «Civil War» deler den forherda Reuters-fotografen Lee (Kirsten Dunst) ei sjeldan ettertenksam stund med han vi forstår er nestoren i amerikansk krigsjournalistikk, New York Times’ Sammy (Stephen McKinley Henderson). Dei er ikkje i Kabul eller Beirut, men har nett reist frå ein hotellobby på Manhattan full av reporterar og rykte om når Washington vil falla i hendene på opprørshærar.