I Aftenposten les eg at ein trend er å utfordre seg sjølv til å gå 75 dagar utan alkohol, trene to treningsøkter kvar dag og lese ti sider i ei sjølvhjelpsbok kvar einaste dag. Det vil seie til saman 750 sider med sjølvhjelpsbok. Og bøkene er jo ikkje lange, så du vil til dømes kome deg igjennom både «Finn din superkraft – nøkkelen til varig motivasjon og livsglede!», «Nå! – Grip øyeblikket, det er alt du har» og «Bli lykkeligere». Faktisk vil du då framleis ha att 76 sider, så du kan byrje på «Lev mer med mindfulness» også.
75 dagar
Dagboka