Forfattartale
Desember 2023 takka Jon Fosse for prisen.
Romanen «Det andre namnet» kom i 2019/2020. Over fem hundre sider utan punktum, men med nokre linjeinndrag; komma sette han derimot mykje og medvite, utan å følgja andre reglar enn sine eigne. Nytta dessutan store bokstavar, også i ord som Søstera, Gutungen, i Fjøra.
Talen er ti små sider mønsterforma tekst. Delar me setningane inn i tre grupper, vert dette resultatet: Korte (maks 15 ord) utgjer fleirtalet, middels lange (15 til 35 ord) er noko færre. Lange setningar (over 35 ord) er det få av. Og dei er rytmevakre og meiningstunge.

Talaren Fosse er altså annleis enn forfattaren Fosse. Sistnemnde har utvikla seg over tid. «Naustet» (1991) har mengder av «vanlege» punktum, endå alt då ser me «Fosse-stilen» koma, innimellom skriv han fleire sider utan punktum. På totusentalet er det i praksis slutt; «Andvake» (2004) har kun nokre få setningar.
«Talaren Fosse er annleis enn forfattaren Fosse»
Kvifor ei slik utvikling? Fosse sa i Stockholm, om Det andre namnet, at han ville skriva fram det useielege, det som ligg attom språket. Dei fem hundre sidene er «eigentleg kanskje berre ei framskriving av eit utdrege no». Difor gav han nobelforedraget tittelen «Eit taust språk». Eit slikt språk har ikkje rom for pausar – seiemåtane snur, vender, kjem att. Som Fosse sjølv uttrykkjer det i talen, romanteksten skal vera ei rørsle, «ein flyt». Repetisjonane trengjer seg ikkje på. Dei glir inn i litteraturspråket hans, som er eit enkelt kvardagsmål. Å variera ordbruken lèt han vera, «språkkunst» er ikkje hans greie.
Det useielege hos han er todelt; det er forfattaren og det er skrivaren. Ales og Asle er to namn og same namn. To røyster er same røyst. Metaforar, rekna som gullet i skjønnlitteraturen, må du leita lenge etter. Heller ikkje i nobeltalen nyttar han kreative metaforar, så der er Stockholm-talaren og romanskrivaren på lik linje. Berre ein gong i talen nemner han ein (slags) metafor: «å skriva er å lytta». Og han seier, på Ole Paus-vis, at «å dikta var ei slags bøn». Han omtaler ikkje dikting og litteratur som kommunikasjon, men som kommunion (fellesskap), det katolske ordet for nattverden.
Likevel, både som skrivar og talar har Fosse si rot i kvardagen. Verb er slike som seia, gå, tenkja – substantiv er føtene, leikeplassen, landevegen, snøen. Han tykkjer ikkje han må visa fram adjektiv-rikdom, «mor er god» og like nedanfor skriv han «godt å høyra på henne». Det er med slik ordbruk han vever sin tekst; gløym ikkje at tekst og tekstil tyder vevnad …
Albert Camus (1913–1960) fekk prisen i 1957, den nestyngste prisvinnaren nokon gong. Han takka for det skrivinga hadde vore og takka, lett rørd, si døve mor som var utan lese- og skrivekunne; ho fekk aldri lesa det sonen skreiv. Winston Churchill (1874–1965) fekk prisen i litteratur i 1953; fredsprisen var det uråd å gje han. Han takka slik: «I hate to write». (Pause) «But I love having written.» Jon Fosse (1959 –) takka for at Akademiet hadde sett at han prøvde å skriva fram «det usägbara». Og la til: «Og eg takkar Gud».