Eg har blitt kommunepolitikar. Eg er fjerde vara for SV til bystyret og første vara til utval for helse og sosial i Bergen kommune. I tillegg er eg medlem av kommunalt råd for personar med funksjonsnedsettelse. Desse verva har så langt medført ei rekke interessante førebuande møte, opplæringsdagar og befaringar, samt ei ny og nerdete interesse: å følgje streamingen til utvalsmøta i utval for helse og sosial. Eg pleier å legge puslespel medan eg mest høyrer og innimellom ser på dei som sit rundt bordet og rekker opp handa og pakkar ut små sjokoladar og peanøttbarar, uttaler seg med meir eller mindre tyngde, og med «tyngde» meiner eg vel eigentleg om dei meiner det same som meg eller ikkje.
Likestilling må også inkludere kvinner med funksjonshemming. Dagen etter 8. mars vil eg difor kome med nokon forslag til neste års parolar.
Like mykje kvinne, like mykje verd!
Signert