Pressens Faglige Utvalg mener NRK har brutt tre punkter i Vær varsom-plakaten.
Amalie Vadla, NTB
Felt: NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk måtte svare for seg etter fellelsen i PFU. I bakgrunnen står Elin Floberghagen, generalsekretær i Norsk Presseforbund. Foto: Gorm Kallestad, NTB
Pressens Faglige Utvalg (PFU) mener NRK har brutt tre punkter i Vær varsom-plakaten med dokumentarserien «Ingen elske Bamsegutt».
Gjengen på taket: Feiaren (Jan Gunnar Røise) og arbeidsleiaren (Thorbjørn Harr) snakkar om sex, samliv og eigen vaklande kjønnsidentitet medan dei ser ut over eit Oslo under stadig konstruksjon og ombygging. Foto: Arthaus
Sex
(Noreg, 2024) Regi og manus: Dag Johan Haugerud Drama/ 2 t. 5 min./ Kino
På film har sexprat blant menn sørgeleg ofte vore variantar av det Donald Trump kalla «garderobeprat» og helst brukt som oppspel til å visa sjølve akta. I Dag Johan Haugeruds siste, essayistiske spelefilm «Sex» er samtalen heilt frigjort frå handlinga og (ikkje uventa) flytta ut frå klaustrofobisk testosteronfylde garderobar, strippebarar og andre herreklubbar. Haugerud tar praten opp på Oslos tak under ein fysisk og metaforisk høg himmel. Her er arbeidsplassen til den namnlause feiaren (Jan Gunnar Røise) og arbeidsleiaren (Thorbjørn Harr): openhjartige arbeidskameratar og omsorgsfulle familiefedrar i høgst alminnelege, heterofile ekteskap.
Prestinne: Mor til frelsaren, Jessica (Rebecca Ferguson), nyttar trua til å styrka sonen politisk. Foto: Warner Bros.
Dune: Part 2
(USA, 2023) Regi: Denis Villeneuve. Manus: Denis Villeneuve, Jon Spaihts. Sci-Fi/ 2 t. 46 min./ Kino
Denis Villeneuve gjev om sider substans til si storslegne, stormannsgalne bildetolking av Frank Herberts sciencefictionepos «Dune» (1965–85). I del to (som fører spelelengda opp i fem timar og femten minutt) skil Villeneuve tydeleg lag med David Lynchs summariske 1984-film. Kanadiaren, som har skildra valdsspiralar i alt frå «Nawals hemmelighet» til «Sicario», vel å problematisera (mis)bruk av religiøs makt til å nå politiske mål. Innanfor ei Hollywood-ramme er resultatet slett ikkje dårleg.