Minnenes teater
«All of us strangers» er eit rørande og velbalansert melodrama med suverent skodepspel.

All of us Strangers
(Storbritannia, 2023) Regi og manus: Andrew Haigh, etter Taichi Yamadas roman «Strangers» Drama / 1 t. 45 min. / Kino
I Andrew Haighs debutfilm «Weekend» er framtida ein uviss stad for to single menn som møtest tilfeldig på byen. Dei unge vaksne både kvir seg for og lengtar etter å planlegga livet saman nokon – kanskje med kvarandre. I 2011 var Haighs skeive kjærleiksdrama noko nytt med si avdramatiserande, realistiske skildring av partykultur kombinert med likeframme, truverdig samansette karakterar. «Weekend» utvida rollegalleriet for og filmblikket på homofile.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent