Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krigen i Midtausten avdekker kor sårbare europeiske allmennkringkastarar er.

BBC i krysseld

Protest: BBC har fått kritikk for ikkje å omtala Hamas som «terroristar». Her frå ein demonstrasjon i London 16. oktober 2023. Foto: Daniel Leal, AFP/NTB

Kringkastingsrådet har fått eit 90-tals klagar på NRKs nyhendedekking av krigen mellom Israel og Hamas og det mangedobbelte av klagar på Eurovision-handteringa. Meir oppsiktsvekkjande, og urovekkjande, var SVs utspel etter MGP-finalen om at regjeringa burde «instruera NRK» om å ta initiativ til å stenga Israel ute frå Eurovision. Etter å ha fått mykje kritikk for å ville bryta med NRK-plakaten og armlengdes avstand-prinsippet, vart SVs vedtaksframlegg at «Stortinget ber regjeringa gjere det klart overfor NRK at de står fritt til å jobbe for en utestengelse av Israel frå årets finale i Eurovision Song Contest».